Program JavaZone

Foredrag Torsdag 3. september

Er læring framleis relevant?

Room 2

Norsk 45 min Pedagogisk psykologi læring psykoteknisk

Sveinung Sande Dalatun

Sveinung er seniorkonsulent i Miles og har ei faglig brei fortid med erfaring innan systemutvikling, teamleiing, teknologileiing, produktutvikling og fagleiing. Den store lidenskapen er å legga til rette for god læring i team. Bidreg med å sette strategisk retning på fagarbeidet i Miles. Lukkeleg gift med ein lærar. Har tre ungar. Ei kjelde til grenselaus inspirasjon og uavgrensa kompleksitet.

Treng me framleis å forstå koden me produserer når KIar tilsynelatande kan løysa problem mykje raskare enn oss? Kvifor skal me bry oss om å læra noko som helst anna enn å bruka ein KI?

Teknologi kan ikkje forståast i isolasjon. For å forstå teknologien må me også forstå korleis hjernen vår fungerer. Heilt sidan teknologi blei ei greie så har menneskeleg ekspertise mista terreng til teknologien, men om me ser alt med teknologibrillene på så er me blinde for dei problema som ikkje let seg reduserast til tekniske løysningar. Då risikerer me å laga produkt som ingen intelligens, korkje kunstig eller organisk, kan forstå eller rydda opp i.

Dette foredraget vil gje deg eit vokabular og rammeverk for å diskutera læring i kontekst av programvareutvikling. Me vil gjera det ved å utforska to sentrale tema:
- Kva typar problem blir best utforska av mennesker?
- Korleis prosessar, verkty og koden me skriv påverker evna vår til å læra og til å løysa problem, og kva me kan gjera for å betra denne evna.

Me kjem til å utforska tema som: taus og eksplisitt kunnskap, kvifor folkepsykologi ofte tek feil, teori om kognitiv last, og effekten av kognitiv avlastning.

Utviklarar, arkitektar, leiarar

  1. Hardwood: Building a Parquet Parser From Scratch (With a Little Help From AI) Room 1
  2. Crafting the Ultimate Docker Image for Spring Applications Room 3
  3. Optimizing Self-Driving Vehicles and Bus Operations: Where Does Quantum Computing Fit? Room 4
  4. Modern Java in the age of AI Room 5
  5. Når verktøyet er meir enn halve jobben – korleis opensource, åpne standardar og samarbeid øker digitaliseringa i kommune-Norge Room 6
  6. APIs, Secrets, and Lies: The Messy Reality of Zero-Trust at Scale Room 7
  7. Event Sourcing: The Only Sane Way to Run Agentic Systems Room 8
  8. Kom i gang med mobbprogrammering Room 6