Program JavaZone

Lyntale Onsdag 2. september

Sunset as a Service: Når målet er EOL

Room 6

Norsk 10 min modernisation legacy architecture strategy decommissioning

Johannes Molland

Johannes har jobba i eFormidling-teamet til Digitaliseringsdirektoratet sidan 2017, dei siste tre åra i ei kombinert utviklar- og teamleiarrolle.

Dei fleste produktteam måler suksess i vekst, brukartal og nye tekniske eigenskapar. Teamet vårt vil heller måla suksess i kor mange som har slutta å bruka løysingane våre.

I 2015 bygde Difi (no Digdir) ein "transisjonsarkitektur" for meldingsutveksling i offentleg sektor. Peppol-nettverket vart sett på som framtida, men infrastrukturen var ikkje heilt klar. Så me bygde ei bru, som etter kvart fekk eit namn (eFormidling), eit team, eit vegkart, og ein plass i portefølja av digitale fellesløysingar.

Men midlertidige løysingar som fungerar har gjerne ein tendens til å verta meir og meir permanente. Gode innspel kjem inn, vegkartet veks, teamet susar avgårde, og eit viktig premiss glimrar med sitt fråvær: avvikling.

I 2020 tok me fram dei gamle rapportane våre og spurde: Er Peppol klar no? Svaret var ja. Så me gjorde noko uvant, me byrja å planlegga avvikling av løysinga vår. Me feirar kvar gong me skrur av ein integrasjon.

Korleis kan ein gjera End of Life til eit mål i seg sjølv? Korleis held ein teamet motivert når roadmapen peikar mot ingenting? Og kvifor var det å skriva "transisjonsarkitektur" i ein rapport frå 2015 det smartaste teamet vårt gjorde?

Av og til er det beste suksesskriteriet kor elegant ein klarar å forsvinna.

Developers, architects, tech leads, product owners, managers. No experience required.

  1. Bootiful Spring Boot 4 Room 1
  2. Let’s create a tiny LLM library together Room 2
  3. My Year with Claude: Building Midimeria - music production analytics Room 3
  4. Talk to me Java! Room 4
  5. What RSCs can do in Next.js today Room 5
  6. The best way to fetch multi-level hierarchies from a RDBMS using Java Room 7
  7. The 1% Problem: An Introduction to AI Security Room 8