Om sesjonen
EU innfører eit felles europeisk økosystem for digitale identitetslommebøker. eIDAS2-forordningen kjem alt i år i EU og Norge følgjer etter om nokre år. Med EU Digital Identity Wallet kan 450 millioner innbyggjarar logge inn, signere elektronisk, og dele informasjon frå digitale bevis som førarkort og vitnemål. Lommeboka virker sømlaust på tvers av landegrenser og gir brukeren kontroll over eigne data. Det er mykje å love på ein gong! Korleis fungerer dette eigentleg i praksis?
Me nyttar den nasjonale sandkasse for digitale lommebøker som økosystem for å demonstrere kva digitale bevis (Verifiable Credentials) er og kan delast og verifiserast.
Deretter dukkar me ned i spesifikasjon OpenID for Verifiable Credentials (OpenID4VP) og ser på korleis me forespør deling av data (VP request/DCQL) og ulike bevisformat (til dømes SD-JWT og mDoc). Me demonstrerar deling av bevis, kanskje både online og med proximity-baserte flows (offline).
Korleis kan me stole på desse bevisa når berre nokre av attributtane frå eit kryptografisk signert bevis blir delt? Me går i gjennom selektiv deling, validering og tillitsstruktur.